top of page
Bryggelaget Medgang vart etablert i 2004. Laget brygger typisk 250 – 270 liter pr. brygg.
Olav Martin Bråtveit og Sigmund Melberg har ved fleire høve utmerka seg med øl som er noko utanom den vanlege stil. Dette har typisk vore øl der ein også tilset andre urter enn humle. (Pors, brennesle, ryllik, salvie, hylleblom, einerbær, skvalderkål …)
I 2009 vann dei Haandbryggeriet sin urteølkonkurranse. I 2010 fekk laget 2. og 3. pris i Heimebrygger NM, klasse for «Publikums favoritt». Same året fekk laget 2. pris i konkurransen «Bjorleik» i Bergen. I 2012 brygga laget ølet «Villskot» til Jærdagen.
LUFTBALLETT ØL #1, Termisk Pale Ale, er American Pale Ale basert på Simcoe og Citra Humle brygga av LUFTBALLETTENS egen hanggliderpilot sommeren 2016.
Dei vil aldri klaga på Kyte
At det gjærer så seint og så smaat
For det ølet dei har vil eg byte
Mot ein sylvpeng eg nettopp har faat.
bottom of page